søndag 5. februar 2012

Godt nytt år :)

Det går ikkje fort framover i oppussingsarbeidet for tida, men dei har heldigvis så smått begynt å legge gipsplater på eit av barneromma no i veka.

Heile første etasjen er mala med grunning og eit strøk maling, og ser sånn her ut no:



Blir fint og lyst. Taket er kvitt og veggane eggekvit. Istaden for lister i taket skal kvitfargen gå ein cm ned på veggen, det blir smoooooth ;)


På veggen bak vedovnen skal vi ha denne knallfine tapeten, Drivved frå Storeys. Vi skal også bruke den på ein vegg på vaksensoverommet :)


Til barneromma har me valgt denne koselege tapeten Dotty frå Ferm Living. Den skal på ein langvegg på Lydia sitt rom og på kortveggane på Liam sitt rom. Er SÅ fornøgd med denne :D

Eikegolvet på stua er pussa og behandla, men tildekka så eg har ikkje noko bilete av det no. Men det er blitt veldig bra!

Trygve og Hans Erik har lagt lysgrå eikelaminat på kjøkkenet. Me skal bruke den same i trappa og i 2. etasjen.

Har veldig lyst å ver innflytta til påske, men tør ikkje håpe for mykje ;)


Ha ei fin veke :)

1 kommentar:

  1. Så spennande, det er jo no framover det kjekkaste skal skje. Ting skal ta form og bli slik man har sett det for seg:-)
    Glede - glede.....

    SvarSlett